Workshop med Brassa Jass

Workshop med Brassa Jass

Søndag, Januar 19, 2025

Korpset si andre øving i 2025 var annleis enn vanleg - me fekk besøk av tre profesjonelle jazzmusikarar som lærte musikantane nokre heilt nye songar og rytmer på øyret. Workshopen var arrangert av Vestnorsk jazzsenter.

Det var kjekt med besøk av konseptet "Brassa jass"! Den  første timen var heile korpset med, frå dei yngste til dei eldste, så var resten av workshopen for hovedkorpset og dei som ville av juniorane. Musikantane fekk prøvd seg utanfor komfortsona si, og nokre prøvde seg så smått på improvisering til slutt, medan resten av korpset sto for rytme, akkordar og basslinje. Det var ein lang ettermiddag, så korpset stilte med frukt og litt kjeks til alle, og stemninga var god.

Takk til Vestnorsk jazzsenter for arrangering og besøk!

Dette var òg første dag med korpset sin heilt nye barytonsaksofon. Takk til NMF instrumentfond for støtta til denne!

Alle foto: Jarle H. Moe

ingen kommentarer enda
Søk
Driftes av Styreportalen AS