Alle er velkomne til å prøve eit korpsinstrument komande måndag 17. og 24. mars. Me håpar på mange nye medlem i korpset!
SFO-korpset har konsert for SFO ettermiddagen 13. mars, og junior- og aspirantkorpset har rekrutteringskonsert på Landås skule 14. mars. Måndagen etter dette har me då instrumentprøving med moglegheit for alle til å teste ut eit korpsinstrument på Landås skule 17. og 24. mars mellom 16:45-18:00.
Her kan du teste slagverk, klarinett, saksofon, valthorn, tuba, baryton, trombone, tverrfløyte, kornett og trompet. Kva lagar mest lyd? Kva lagar finast lyd? Kva lagar gøyast lyd? Her er det berre å prøve seg fram.
Les gjerne meir om instrumenta me har i korpset, så kan de allereie på førehand velje ut kva de har mest lyst å prøve.
Me er mellom anna på musikkrommet, så det er enklast å bruke inngangen ved 3./4. trinn på Landås skule.
Velkomen!